Skip to content
Norske Kunstforeninger

Ingrid Toogood - Livet stormer og strøymer

Bryne Kunstforening
31. januar – 23. februar 2025

Les mer i Bryne Kunstforenings nettsider

I separatutstillinga ”Livet stormer og strøymer”, presenterer Ingrid Toogood ei serie nye verk som tek heile gallerirommet i bruk. Seks monumentale måleri er plasserte på golvet, og inviterer betraktaren til å bevega seg rundt og mellom dei, i ei omgivande oppleving av kunstverka.

Toogood utforskar i desse verka tema knytte til indre uro og framandgjering. I arbeidet har ho henta inspirasjon frå skikkelsar som Enok Hove i Arne Garborgs ”Fred”, ein karakter som er plaga av djup tvil og uvisse, og som opplever ei sterk kjensle av å vera framand. På liknande vis blir Toogoods måleri prega av ein underliggjande ambivalens, der det kjende og trygge samtidig verkar merkeleg og urovekkjande. I universet hennar er det ikkje alltid gitt klare svar, og betraktaren står overfor ei verd som utfordrar forståinga.

Gjennom spegel, refleksjonar og skuggar skaper Ingrid eit visuelt språk som uttrykkjer korleis me forstår oss sjølve og vår plass i verda – alltid sett gjennom andre sine blikk eller forventningane i samfunnet. Toogood inviterer oss dermed til refleksjon, der me ikkje nødvendigvis finn klare svar, men vert klar over dei mange laga av kompleksitet som formar forståinga vår av tilværet.

Ingrid Toogood (f. 1976) er utdanna ved KHiO, institutt for farge (2002). Hennar siste separatutstillingar inkluderer “Yesterday in my Pocket”, LNM (2024), “The Four Chambers”, Tou (2023), “Spending time with my cat”, ISCA Gallery (2021), “Brother and Sister”, Kinokino (2020), “Brest”, Elephant kunsthall (2018), “You are beautiful. You are alone», Kristiansand kunsthall (2015), og ho deltok med verket «L Longed for It» på opningsutstillinga til Nasjonalmuseet i 2022. I 2023 gjennomførte Toogood to store utandørs kunstprosjekt ved Varmen og Schancheholen brannstasjon i Stavanger. Toogoods arbeidar er innkjøpt av mellom anna Nasjonalmuseet, Oslo kommunes kunstsamling, Noregs Bank, Stavangerkunstmuseum og Universitetet i Oslo.